Siste nytt
Skip Navigation LinksOppvekstportal Nyttig informasjon I startsida > Skulefritidsordninga, SFO
Skulefritidsordninga, SFO

SFO - skulefritidsordninga

Foreldrebetaling - SFO
 
Skulefritidsordninga er eit omsorgs- og fritidstilbod for barn i alderen 6 - 9 år, der ein legg vekt på utfalding, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Funksjonshemma barn kan delta opp til 6. klasse.

Innhald
SFO er ein del av barna si fritid, og det er viktig at tida ikkje vert overorganisert av dei vaksne. Men like viktig er det at fri leik skjer i eit miljø som er trygt og som stimulerer til utforsking og skapartrong hos barna. Nærmiljøet og naturen kring skulen utgjer ein viktig ressurs, og det bør leggjast til rette for flittig bruk av desse områda.
 
I praksis vil dette seia at barna før høve til.. 

  • å gjera lekser
  • å gå på tur
  • å kvila
  • å leika inne og ute, åleine eller i gruppe
  • å dyrka ein hobby eller ei interesse
  • å oppleva kulturell utfalding ved seg sjølv eller andre
  • å øva seg i samarbeid med fleire aldersgrupper

Den einskilde skule utarbeider ein årsplan for SFO, der brukarane får høve til å påverka innhaldet i tilbodet.
 
Organisering
SFO har ope både før og etter skuletid, tilpassa kvar skule. SFO kan også nyttast i ferie og på skulen sine fridagar, men held stengt i juli månad. Svortland skule og Rubbestadneset skule kan gi tilbod i skulen sine ferie- og fridagar, alt etter behov.
 
Økonomi

SFO vert finansiert av statstilskot, kommunal del og foreldrebetaling.

Har du spørsmål om skulefritidsordninga, kontakt Bømlo kommune, 5430 Bremnes. Tlf.: 53 42 30 00.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 09.01.2010
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Bømlo kommune
Rådhuset
5430  Bremnes
 
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
 
 
Telefon : 53 42 30 00
Faks : 53 42 30 01
Org.nr. : 834 210 622
Mva.nr. : 834 210 622 MVA
Kontonr. : 3495.07.02038
Kommunenr. : 1219
_
Opningstid : 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no