3-årsplan for Den kulturelle skulesekken i Bømlo kommune.
Den kulturelle skulesekken blei introdusert som eit nasjonalt kulturpolitisk tiltak i 2001. Prinsippa for arbeidet er nedfelt i St. meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skulesekken og behandlinga av denne i Stortinget. Også St.meld.nr 39 (2002-2003) Ei blot til lyst, om kunst og kultur i tilknytning til grunnskulen, er viktig for arbeidet med Den kulturelle skulesekken.
- Den kulturelle skulesekken skal bidra til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod.
- Den kulturelle skulesekken skal leggja til rette for at elevar i grunnskulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjend med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag
- Den kulturelle skulesekken skal bidra til å utvikla ein heilskap av kunstneriske og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.
Den skal forankrast i L97 (Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen).
- Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kultur- og kirkedepartementet (KKD) og Utdannings- og forskningsdepartementet (UFD).
Den kulturelle skulesekken forutset eit nært fagleg samarbeid mellom skule- og kulturverksemda, og ei ansvarsfordeling mellom tre forvaltningsnivå:
- Lokalt i den enkelte kommune
- Regionalt i den enkelte fylkeskommune og Statens utdanningskontor i fylka, og sentralt i dei to departementa (KKD og UFD).