Alle barn i Bømlo vert kalla inn til tannundersøking og behandling gratis frå og med det året dei fyller 3 til og med det året dei fyller 18 år.
Behandlinga omfattar alt unnateke regulering som må skje hos privat spesialist. Undersøking og eventuell behandling skjer med ca. 18 månaders mellomrom. Forfall må meldast i god tid. Akutte tilfelle vert tatt hand om straks, utanom den vanlege innkallinga.
Dersom uhellet er ute:
Slår du ut ei tann (ikkje mjølketann), set tanna straks på plass og oppsøk tannlegen. Kan dette ikkje gjerast på staden, ta tanna med til tannlegen. Oppbevar tanna fuktig i munnen eller i søt mjølk. Andre gode oppbevaringsmåtar er fysiologisk saltvatn, blod eller vekstmedium.
Tannklinikkar
Tannklinikken - Bremnes, Sams Senter
5430 Bremnes
Tlf.: 53 42 03 44
Skulekrinsane Foldrøyhamn, Gilje, Meling, Moster og Rubbestadneset og Svortland høyrer til under Tannklinikken - Bremnes.
Skulekrinsane Hillestveit og Espevær høyrer til under Tannklinikken - Sveio som har adresse 5520 Sveio - tlf.: 53 74 02 75.
Filial:
Tannklinikken - Langevåg (i Bygdatunet)
5443 Bømlo
Tlf: 90 89 84 96 (kvar dag)
Open måndagar og onsdagar
Den offentlege tannhelsetenesta høyrer til Hordaland fylkeskommune.