Informasjon frå Hordaland fylkeskommune om skuleskyss, skjema o.l.
I Lov om grunnskulen heiter det at elevar som har meir enn 4 km veg frå heimen til skulen har rett til gratis skyss. Funksjonshemma elevar har rett til skyss når det er nødvendig uansett veglengd. For 6-åringane er denne grensa sett til 2 km.
Fleire detaljar om skyssordninga kan ein få ved å venda seg til skulen eller rådgjevar på rådhuset (53 42 30 00).
Skuleskyssen går stort sett med vanlege ruter som er sett opp, særleg for å frakta skuleelevar til og frå grunnskulen og dei vidaregåande skulane.
Trafikkunnskap
Skulen gir opplæring i trafikkunnskap, men det er viktig at foreldre også hjelper barna på dette området. Det er fint om barna vert vist den tryggaste vegen til skulen. Gløym ikkje at dei vaksne si åtferd i trafikken kjem att hos barna.
Elevar i grunnskulen i Bømlo er ulukkesforsikra på veg til og frå skulen. Skader som skjer på skulen vert dekka under yrkesskadetrygda. Fleire opplysningar om forsikringsordninga og eventuelle erstatningsbeløp kan ein få ved å venda seg til skulen eller til Bømlo kommune, 5430 Bremnes. Tlf.: 53 42 30 00.