Skulane i Bømlo har som mål at skulebiblioteka skal vera både ein kulturarena og eit læringsverktøy. Biblioteket skal bidra til leselyst og leseglede. Dette skal skje gjennom systematisk innarbeiding av ein lesekultur ved den einskilde skule, og omfattar alle klassetrinn.
Strategiplanen"Gi rom for lesing" 2005 seier:
- "Strategien skal bidra til å; styrkja lesedugleik og motivasjon for lesing hos barn og unge
- styrkja lærerane sin kompetanse i leseopplæring, litteraturformidling og bruk av skulebibliotek
- auka medvit om lesing som grunnlag for anna læring, kulturell kompetanse, livskvalitet, deltaking i arbeidslivet og eit demokratisk samfunn"
Lesedugleik er ein grunnleggjande kompetanse og er ein føresetnad for å lukkast i alle andre fag, ja, det er ein indikator på korleis ein skal takla livet.
Skulane i Bømlo har ein felles skulebibliotekar som arbeider med tilrettelegging, utvikling og samordning av skulebiblioteka i kommunen. Ho driv også bokformidling i ulike samanhengar, for elevar, lærarar eller foreldregrupper, og kan legga til rette for forfattarbesøk og andre aktivitetar knytta til skulebiblioteka.
Etablering av digitale katalogar med utlån basert på strekkodar skal takast i bruk hausten 2005. Skulebiblioteka kjem på internett og blir såleis lett tilgjengelege for brukarane. Ordninga opnar og for at biblioteka lettare kan samarbeida og kanskje låna bøker hjå kvarandre.