Siste nytt

Rådgjevar

Rådgjevingstenesta har to hovudarbeidsfelt iht Opplæringslova §9-2 og presisert i forskrifta §22-1 og §22-2:

Sosialpedagogiske oppgåver
Utdannings- og yrkesrådgjeving
Der står det at «Elevane har rett til nødvendig rådgjeving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål.» 
 
§22-1 Sosialpedagogisk rådgjeving
«Den enkelte eleven har rett til å få nødvendig rådgjeving, oppfølging og hjelp med å finna seg til rette under opplæringa, ved spesielle faglege vanskar under opplæringa, og ved personlege og sosiale vanskar som har noko å seie for opplæringa.»

§22-2 Utdannings- og yrkesrådgjeving
"Den enkelte eleven har rett til å få rådgjeving om utdannings- og yrkesval. Ved overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring skal det leggjast særleg vekt på rådgiving om kva dei ulike studieretningane fører fram til. Den enkelte eleven skal få informasjon om utdanning, yrke og arbeidsmarknad. Dette omfattar mellom anna informasjon om:

grunntrekka ved utdanningsvegane i Noreg og andre land
yrke og arbeidsmarknad lokalt, nasjonalt og internasjonalt
ulike inntaksvilkår, søknadsfristar, lånevilkår, finansieringsordningar
Informasjonen og rådgjevinga må leggjast opp slik at eleven gradvis kan utvikla kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om vidare utdanning og framtidig yrke, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.»

§22-3 Ansvar
«Skuleeigaren er ansvarleg for å oppfylla rettane etter forskrifta §§22-1 og 22-2.»

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 19.11.2009
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Oppvekst, kultur og idrett
Rådhuset
5430  Bremnes
 
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
 
 
Telefon : 53 42 30 00
Faks : 53 42 30 01
Org.nr. : 834 210 622
Mva.nr. : 834 210 622MVA
Kontonr. : 3495.07.02038
Kommunenr. : 1219
_
Opningstid : 08.30 - 14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no