Det kan vera nødvendig å søkja permisjon for elevar frå pliktig opplæring i grunnskulen, til dømes i samband med ferie, kortare opphald i utlandet eller liknande. Bømlo kommune rår til å avgrensa dette mest mogleg. Fråver frå undervisninga kan føra til at eleven får meir arbeid i etterkant.
Om elevpermisjonar i Opplæringslova
Etter lova har barn og unge i Norge "plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring". Ved permisjonar og fråver som "eleven eller foreldra sjølv er skyld i", fråskriv eleven, eller føresette på eleven sine vegne, seg retten til offentleg grunnskuleopplæring for ein periode så lenge fråveret varer. Føresette overtar ansvaret for eleven si opplæring i fråversperioden. Eleven si opplæringsplikt gjeld like fullt. Det er kommunen sitt ansvar å vurdera om plikta blir oppfylt og å føra tilsyn med at dette skjer.
Elevane har ikkje lovfesta rett til permisjon. Lova seier at før permisjon vert gitt skal rektor vurdera om det forsvarleg å la eleven vera vekke frå skulen. Det vert vurdert om, og i tilfelle kva, opplæring eleven får i friperioden, kva opplevingar han eller ho vil få og kva utbytte ein kan oppnå. Eleven sitt faglege nivå vert og vurdert, og om vedkomande har hatt permisjon før.
Dersom ein forelder har foreldreansvar utan å ha dagleg omsorg for barnet, har også han/ho rett til å bestemma når det gjeld barnet si utdanning, jfr. barnelova § 30. Det er såleis ein føresetnad at vedkomande er einig i søknad om permisjon.
Elevar som "høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja" har rett til permisjon dei dagane trussamfunnet deira har heilagdag. Til gjengjeld krev lova at føresette sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida.
Fråver fra enkelttimer eller enkeltdagar - skulefri
Kontaktlærar kan gi skulefri for enkelttimar. Når det gjeld enkeltdagar inntil ei veke er det rektor som gir dette. Skulen må godkjenna føremålet med fritakinga. I lova heiter det at det ikkje er avgrensingar for kven som kan søkja om fri for ein elev, men det vert kravd underskrift frå føresette. Dersom søknad om fri ikkje vert godkjent, kan det sendast klage på vedtaket til leiinga ved skulen.
Fråver lenger enn ei veke - heimeopplæring
Varer fråveret meir enn ei veke, må det meldast heimeopplæring. Dette betyr at føresette har ansvar for opplæringa i den aktuelle perioden. Melding om heimepplæring skal sendast til rektor ein månad før slik opplæring startar. Det er berre foreldre eller den som har dagleg ansvar for barnet, som kan melda heimeopplæring. Dersom ein av foreldra har foreldreansvar utan dagleg omsorg, har vedkomande rett til medverknad når det gjeld barnet si utdanning, jfr. barnelova § 30, og må såleis vera samd i at barnet skal ha heimeopplæring.
I Opplæringslova heiter det at opplæring som skjer i heimen skal følgja lova når det gjeld formål og innhald, og skal følgja den samme læreplanen som offentleg grunnskule. Dette kravet gjeld sjølv om foreldra berre har opplæringsansvaret for ein kortare periode. Bømlo kommune har ein eigen plan for slike høve.
Kommunen har ansvar for å føra tilsyn med at opplæringa blir gjennomført på en god nok måte. Skulen, ved rektor, har det praktiske tilsynsansvaret. Skulen kan nekta å godkjenna ei melding om heimeopplæring eller krevja at eleven kjem tilbake til skulen dersom heimeopplæringa ikkje er i samsvar med Opplæringslova. Skulen sitt vedtak kan klagast inn til leiinga.
Fråver lenger enn 6 månader:
Ved fråver lenger enn 6 månader skal eleven normalt skrivast ut av skulen.
Dersom det er spørsmål om elevpermisjonar, kontakt Bømlo kommune, 5430 Bremnes. Tlf.: 53 42 30 00.