Velkommen til Bømlo vaksenopplæring

Bømlo vaksenopplæring ligg i Svortland sentrum og har eigne lokale i OJS-bygget. Vaksenopplæringa er den skulen som skal gje kommunale tenester til vaksne som har rett og/eller plikt til opplæring ut frå Lov om introduksjonsordning og opplæringslova kap. 4 . Det vil seie at me har ansvar for introduksjonsprogrammet for nye flyktningar, og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Me har og grunnopplæring og spesialpedagogiske tilbod for deltakarar som av ulike årsaker ikkje har fullført eller vil betra vitnemål frå grunnskulen. Me tilbyr også rettleiing og hjelp for vaksne som ynskjer å få vurdert realkompetansen sin. I tillegg har me tilbod om norskkurs på kveldstid for utanlandske arbeidstakarar som ikkje har rett og plikt til norskopplæring. Me har mange samarbeidspartnarar - både offentlege og private.

Personalet på 14 personar, er alle utdanna pedagogar, men med ulik utdanningsbakgrunn. Nokre av dei fagfelta som personalet har vidareutdanna seg innanfor er m. a. vaksenpedagogikk, spesialpedagogikk, norsk som andrespråk, interkulturell kommunikasjon, religion, ulike rettleiingsmetodar og samfunnsplanlegging.

Me har fire inntaksperiodar i året der nokre deltakarar går ut av opplæringa og andre kjem inn. Talet på deltakarar har frå hausten 2008 vore på om lag 200. Ulike opplæringstilbod føregår frå måndag - torsdag mellom kl. 09.00 - 20.00. Fredag er administrasjonsdag for personalet.

Postadresse:
Bømlo vaksenopplæring
Rådhuset
5430 Bremnes

Besøksadresse:
Tverråvegen 1 v/drosjesentralen
5430 Bremnes

Tlf: 53 42 36 92/95/96/97
Faks: 53 42 36 91 

Epost: kari.friis@bomlo.kommune.no

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 16.03.2010
gul-bla_kolonAlle skulane - startside
gul-bla_kolonBarnehagar
gul-bla_kolonBremnes ungdomsskule
gul-bla_kolonBømlo kulturskule
gul-bla_kolonBømlo vaksenopplæring
gul-bla_kolonEspevær skule
gul-bla_kolonFoldrøy skule
gul-bla_kolonGilje skule
gul-bla_kolonHillestveit skule
gul-bla_kolonMeling skule
gul-bla_kolonMoster skule
gul-bla_kolonRubbestadneset skule
gul-bla_kolonSvortland skule
gul-bla_kolonVåge skule
Nyttig informasjon
Aktuelt
Rod-gra_kolonAlarmtelefon 116111
Rod-gra_kolonBarnehagar
Rod-gra_kolonHelsestasjon ungdom
Rod-gra_kolonKunnskapsløftet
Rod-gra_kolonSkulerute 2009/2010
Rod-gra_kolonSkulerute 2010/2011
Bilete frå skulane
White tower, Thessaloniki
Cedefop - synthesis seminar, January 30 - February 3
Fotograf: Anne Søvold Vikanes
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no