Meling skule er ein rein barneskule, med elevar frå 1. - 7. trinn. Skulen ligg på Hessvollen ca. 2 km frå Svortland sentrum.
Skulen har i dag 136 elevar.
Det er 16 lærarar, ein kontorfullmektig, rektor og fem assistentar i skulen og på SFO.
Skulen har elevar fordelte på 8 klassar, men berre 7 klasserom, så spesialrom må også gjera nytte som undervisningslokale.
Me har eit godt utvikla skulebibliotek. Dette fører til at me også har mange ivrige lesarar av god barnelitteratur.
36 elevar gjer seg nytte av SFO-tilbodet ved skulen. Opningstida er frå kl 0700 - 0830, og frå skuledagen slutt for dei mnste til kl 1630.
Me er ein Zero - skule som legg vekt på å forebyggja mot mobbing. Alle spørjeundersøkingar tilseier at det er lite plaging på skulen, og få gir melding om at dei blir mobba. Me set fokus på at Meling skule skal vera ein skule der trivsel og læring skal gå hand i hand.
Blide og fornøgde elevar fortel at me er på rett veg.
Etterkvart er fleire av dei eldste elevane blitt flinke til å nytta It,s learning som eit læringsverktøy, ikkje berre som ein informasjonskanal.
For tida jobbar me for å opparbeida uteområdet til det beste for elevane. Me har eit godt og aktivt elevråd som har sett fokus på kor viktig det er å sjå alle sider ved skulen, og at kvar og ein må gjera sitt til at me har det godt saman. Dei har blant anna brukt tid på å få fram kva som særeignar "Den gode læraren" og "Den gode eleven"
Kjempeflott initiativ!
Me set i høgsetet at samarbeidet med heimane, ulike etatar og innad i systemet må alltid vera til det beste for elevane våre.
Kontaktinformasjon:
Meling skule
5430 Bremnes
Tlf: 53 42 36 60
Faks: 53 42 36 61
E-post: meling.skule@bomlo.kommune.no