Hillestveit skule ligg på Langevåg, heilt sør i Bømlo kommune. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 163 elevar skuleåret 2009/2010. Saman med elevane jobbar om lag 20 lærarar og 4 assistentar
Den eldste delen av skulen er bygd i 1965. I 1979 vart det bygt ei ny avdeling som rommar bibliotek, basseng, personalavdeling og administrasjon. Her held også ungdomsskulen til. I 2005 stod Langevåg Bygdatun ferdig. Hillestveit skule nyttar den flotte idrettshallen med utstyr i kroppsøvingstimane. I tillegg nyttar me ofte kultursalen i samband med den kulturelle skulesekken, og ikkje minst til våre eigne samlingar der elevane får bruka alt av lyd, lys og anna teknisk utsyr.
I skuleåret 2009/10 står klasseleiing i fokus. Skulen er med i eit statleg prøveprosjekt dette året, der me gjennom eksterne rettleiarar vil jobba for å skapa eit godt læringsmiljø der elevane lærer meir. Difor vil me satsa på den viktigaste faktoren for å få dette til, nemleg læraren.
Kontaktinformasjon:
Hillestveit skule
5443 Langevåg
Tlf: 53 42 35 50
Faks: 53 42 35 51
E-post: hillestveit.skule@bomlo.kommune.no