Våge skule har fine naturområde rundt seg. Naturen i området gir gode muligheter for uteskule og for fysisk aktiv for små og store elevar.
Ved skulen vår er det pr i dag 100 elevar, og elevane våre kjem frå fem ulike nasjonar. Våge skule er ein 6-delt barneskule kor 6. og 7. trinn er ei gruppe.
Det er11 lærarar og 5 assistentar på skulen. I nær tilknytting til skulen ligg Espira Finnås barnehage som styrer SFO- tilbodet i skulekrinsen.
Me har dessverre ikkje basseng ved skulen vår, men får sømjeundervisning ved ein annan skule. Me busser sørover til Langevåg nokre gonger i løpet av året for å bada.
Kontaktinformasjon:
Våge skule
5437 Finnås
Tlf: 53 42 36 80
Faks: 53 42 36 81
E-post: vage.skule@bomlo.kommune.no