Svortland skule er ein barneskule med ca. 330 elevar (2 klassar på kvart klassetrinn) og 40 tilsette. Skulen ligg i kommunesenteret Svortland nær inntil Sentralidrettsanlegget med Bømlohallen, fotballbanar, friidrettsanlegg og Svortlandsmarka.
Svortland skule har eit aukande elevtal. Foreldra ved skulen har sidan skulen var ny i år 2000 vore med og utvikla uteområdet til skulen slik at det framstår som ein variert og kjekk leikplass. Skulen har eiga SFO-ordning.
Svortland skule sin visjon: Svortland skule er ein skule der den svake ikkje mister motet og den sterke har noko å strekkja seg etter.
Kontaktinformasjon:
Svortland skule
5430 Bremnes
Tlf: 53 42 37 00
Faks: 53 42 37 01
E-post: svortland.skule@bomlo.kommune.no